fredag 21. oktober 2011

Knote knote

Eg held på med spanskklasse-bloggen min igjen. No har dei laga digital avis, og eg vil ta bilete (screenhunter) og lime inn. Problemet mitt denne gongen er at eg må forminske avisa (A4, dei har valt ståande format) så mykje for å få plass til heile på skjermen min på ein gong (for å ta bilete), at det går ut over leseopplevinga av avisane, sjølv når ein klikkar på dei i bloggen for å sjå større format. Har du nokre tankar om kva eg kan gjere for å auke bilete-kvaliteten? Eg prøvde å markere og scrolle ned på ein gong (medan eg brukte Screenhunter) men det fekk i hvert fall ikkje eg til...

onsdag 12. oktober 2011

Kan nokon hjelpe meg?

Eg har ein klasseblogg til ein språkklasse, og elevane har laga teikneseriar. Desse har eg kopiert (printscreen) og lagt inn i innlegg. Eg hadde håpa - eller trudd (eller begge delar) at det då kom til å gå an å klikke på kvar enkelt teikneserie og få sjå ein større versjon. Men den gong ei! Eit av dei aktuelle innlegga er her, og som du ser er det berre den øverste stripa det går an å klikke på. Er det nokon som veit kva eg har gjort feil på dei teikneseriane som kjem lenger ned?

søndag 25. september 2011

To be or not to be - digital in English

Kapitlet "Å vere digital i engelsk" i Otnes si bok Å være digital i alle fag handlar mellom anna om at ein må beherske ulike kontekstar der engelsk er lingua franca for å vere "literate" på engelsk. Nokre av desse arenaene er knytta til Web 2.0, altså interaktive fora der alle kan delta og skape saman, til dømes gjennom Wiki eller ulike chat-fora.

Eg trur det er (og, i enno større grad, kjem til å bli) ein viktig del av engelsk-faget. Mange elevar litt opp i klassane brukar engelsk dagleg til spel og/eller chat, og det er ein viktig kompetanse å ta med inn i klasserommet! Faget er, bør, må vere i endring på grunn av ei stadig påverking mellom ulike mediar, tekstar (i vid forstand) og dei personane som skapar og gjenskapar faget kvart år, nemleg elevane og lærarane.

Eg ser utruleg mange fordelar med å lage ein Wiki, og eg trur det kan vere veldig inspirerande for mange elevar. Ein kan jobbe innfor ein klasse (og kanskje oppnå delekultur og godt, tett, kollektivt læringsmiljø), innfor eit trinn eller team (og motverke nokre av kommentarane elevar kjem med om at alt er så ulikt alt etter kva for ein lærar ein har), eller med elevar på ein heilt anna stad i verda (og kanskje lære noko om golbalisering, eller likheiter og ulikheiter på kjøpet).

Dessverre har eg ikkje min eigen engelskklasse i år (eg er berre vikar), men eg ser til dømes kor fint det ville vere å bruke Wiki i eit større prosjekt om historia til ulike land der engelsk er offisielt språk. Eg treng å tenkje vidare på dette, kanskje særleg når det gjeld vurdering. Har nokon av dykk innspel på det, enten frå lesing, tenking eller erfaring? Delekulturen, som Wiki (og Web 2.0) avheng av, er kanskje ikkje umiddelbart kompatibel med individuelle karakterar (eller vurdering, meir generelt), eller heilt rettferdige karakterar.

(Men som eit apropos til det: ingen karakterar er vel eigentleg heilt rettferdige? Eg har i hvert fall alltid ei kjensle av at nokon av elevane ikkje heilt har fått vist det dei har i seg, uansett kva for arbeid eg vurderer. Det ein må hugse på er kanskje at vi må sørge for å sjå (og vurdere) elevane på så mange ulike måtar at alle får vise seg frå si beste, mest kompetente side så ofte som mogleg.)

På leiting etter gode ord

Eg likar at ting blir artikulert. For eit par innlegg sidan har eg uttrykt at eg synast vegleiing er vanskeleg.

I Otnes si bok Å vere digital i alle fag set ho gode ord på det; læraren skal vere "fagleg tilrettelegger, inspirator, og veileder", og litt under seier ho at ein lærar må "formidle [fagenes spesielle literacy]" (16). Den digitale kompetansen er ein naturleg del av det som er den fagspesifikke måten å uttrykkje seg på.

Så formidlinga sin tidsalder er altså ikkje forbi, berre at IKT og fornuftig programvare skal vere ein naturleg og integrert del av det. Nokre program kan vere meir fagspesifikke, andre gonger kan eit program vere brukbart til ei mengde oppgåver i ulike situasjonar. Freemind, eit program for å lage tankekart, er eit godt eksempel på program som kan vere nyttig til så mangt.


Eg føler på meg at eg kan komme til å kjenne meg nokså vel i dei gode orda Otnes brukar for å beskrive læraren :-)

lørdag 17. september 2011

Den viktigaste oppgåva

Læraren har ei mengde oppgåver. Vi tenkjer oss at før, berre nokre ti-år tilbake, då var alt annleis, då var læraren kunnskaps-formidlar og ikkje så mykje meir. Ettersom elevar er på skolen større del av dagen, frå dei er yngre, og sidan vi vil at dei skal lære å vere delaktige i sin eigen arbeidsprosess, er lærar-rolla blitt særs mangesidig. I lærarutdanninga snakkas det mykje om at lærar må vere støtte og rettleiar for elevane ([veileder] - eg har ikkje eit betre ord på nynorsk, dessverre), sånn at kvar elev kan få tileigne seg sin eigen kompetanse. Høiland og Wølner peiker på, igjen og igjen, at læraren må vere i dialog med elevane, i "veiledende samtale" (Fra digital ferdighet til kompetanse, 108). Det er såklart noko ein bør starte med med ein gong ungar begynner på skolen, for, som forfattarane seier: "Dette [å sjå si eiga læring over tid] er noe de fleste elvene ikke kan, og det må derfor arbeides med dette" (104).

Eg veit jo at dei har rett, eg veit jo at lærar har ei kjempeviktig rolle i læringa til elevane - og for at elevar skal kunne halde fram med å lære ting etter at dei er ferdige med åra sine på skolebenken er det kjempeviktig at dei forstår noko om korleis og kvifor dei lærer som dei gjer. Men eg synast det er skikkeleg vanskeleg å ha sånne gode, rettleiande samtalar med elevane mine om læringsprosessen deira. Er det berre eg som har det sånn? Det er sikkert litt fordi eg liksom ikkje heilt veit korleis eg skal gjere det (og det er ikkje fordi eg ikkje har observert, prøvd og lese) - og sikkert litt fordi ein ikkje ser effekt av det med ein gong. Det er jo ikkje sånn at vi kan gjere noko ein gong, også har vi lært det... Elevar treng kanskje mange mange av desse samtalane for å begynne å sjå sin eigen læringsprosess, og då kreves det at lærar er viss på at det han eller ho gjer faktisk har noko for seg.

I forbindelse med utdanninga mi i grunnleggjande opplæringa i lesinga, skriving og rekning for nokre år sidan såg eg ein filmsnutt der Gro Fjermedal, lærar på småskoletrinnet, lar elevane forske på duplo og kombinatorikk. Linken finn du her. Trass i at elevane ikkje viste særleg teikn til å tenkje systematisk den første gongen dei jobba med duplo-klossane vel ho å bruke meir tid på det, fordi ho trur dei har det i seg, berre dei får nok tid. Sjølv om linken mellom rolla som rettleiar og duploforsking kanskje er litt i tynnaste laget, treng i hvert fall eg stadig å bli minna på at viktige ting kan ta tid, og at læraren må stole på at det han eller ho gjer med elevane faktisk vil gi resultat over tid.

onsdag 7. september 2011

Heldigvis!

Eg les Høiland og Wølner si bok Fra digital ferdighet til kompetanse, og er oppmuntra av det dei skriv. Dei seier for det første fast at:
"Mange lærere føler dessuten at de må kunne bruke de ulike verktøysprogrammene veldig godt før de starter IKT-basert arbeid i klassen. Men hvis læreren vågen å slippe kontrollen litt, vil han ofte bli overrasket over elevenes digitale ferdigheter og ikkje minst elevenes evner til å kunne orientere seg og ta seg fram i ny programvare." (s. 47)
Det trur eg jo dei har heilt rett i! Kanskje ikkje alle elevane, men det er jo da det blir aktuelt at elevar kan vere ressurspersonar for kvarandre, slik som Veronica skreiv om her på sin blogg.

Dessutan snakkar Høiland og Wølner om at elevar kan vere som lærlingar i det at dei forskjellige elevane på gruppa lærar ulike ting for å gjennomføre eit felles arbeid. Gjennom arbeidsprosessen kan elevane då lære frå kvarandre etter behov og interesse ved at dei er i situasjon der det er relevant  og tilgjengeleg kunnskap. På den måten vil dei kunne samarbeide om læringa og det produktet dei skal lage. Om dei får vere i det miljøet eller den situasjonen lenge nok vil dei kunne lære alt det dei andre på gruppa kan, slik som lærlingen som etterkvart lærer meir og meir av det læremeisteren kan.

Det høyrdes jo enkelt ut! Det blir kanskje greiare å undervise (i den grad det er nødvendig) fordi elevane kan lære av kvarandre - og oppgåven til læraren blir i større grad å rettleie ([veilede]) enn å undervise. Kanskje det blir litt kaos innimellom, for det blir det gjerne når elevar skal gjere kva som helst anna enn å sitje kvar for seg og jobbe i ei skrivebok... Tåler du litt kaos i klasserommet ditt?

onsdag 31. august 2011

Utfordringar - og nye moglegheiter!

Den første IKT-samlinga i år er ferdig, og eg kjenner at det klør litt i fingrane, både etter å komme i gang med skoleåret som lærar, og kunne bruke noko av min nye
IKT-entusiasme (eg vil ikkje gå så langt som å kalle det ein kompetanse, akkurat..). Samtidig kjenner eg at det buttar litt imot - sjølvsagt fordi eg manglar kompetanse, men òg av andre årsakar. Eg skal prøve å nøste litt i dette før eg treff elevane mine i morgon.
Eg trur nok at ein av grunnane til at det kan kjennes vanskeleg å ha mykje IKT i undervisninga, er at ein ser for seg at elevane blir sitjande på YouTube eller Facebook, og at ingenting vil bli gjort om ein lêt dei ha PC'en sin oppe heile tida. Ja, det er i hvert fall noko vi snakkar om på min arbeidsplass. Vi brukar mykje PC i skolekvardagen - men stort sett handlar det berre om administrative ting, eller beskjedar og fråvere, ikkje om læring. Kanskje vi berre er redde for at det vi har å tilby ikkje er interessant nok, slik at vi ser for oss at elevane surfar og chattar i staden for å arbeide med den oppgåva vi har gitt dei, sidan dei allereie brukar PC?