Eg likar at ting blir artikulert. For eit par innlegg sidan har eg uttrykt at eg synast vegleiing er vanskeleg.
I Otnes si bok Å vere digital i alle fag set ho gode ord på det; læraren skal vere "fagleg tilrettelegger, inspirator, og veileder", og litt under seier ho at ein lærar må "formidle [fagenes spesielle literacy]" (16). Den digitale kompetansen er ein naturleg del av det som er den fagspesifikke måten å uttrykkje seg på.
Så formidlinga sin tidsalder er altså ikkje forbi, berre at IKT og fornuftig programvare skal vere ein naturleg og integrert del av det. Nokre program kan vere meir fagspesifikke, andre gonger kan eit program vere brukbart til ei mengde oppgåver i ulike situasjonar. Freemind, eit program for å lage tankekart, er eit godt eksempel på program som kan vere nyttig til så mangt.
Eg føler på meg at eg kan komme til å kjenne meg nokså vel i dei gode orda Otnes brukar for å beskrive læraren :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar