lørdag 17. september 2011

Den viktigaste oppgåva

Læraren har ei mengde oppgåver. Vi tenkjer oss at før, berre nokre ti-år tilbake, då var alt annleis, då var læraren kunnskaps-formidlar og ikkje så mykje meir. Ettersom elevar er på skolen større del av dagen, frå dei er yngre, og sidan vi vil at dei skal lære å vere delaktige i sin eigen arbeidsprosess, er lærar-rolla blitt særs mangesidig. I lærarutdanninga snakkas det mykje om at lærar må vere støtte og rettleiar for elevane ([veileder] - eg har ikkje eit betre ord på nynorsk, dessverre), sånn at kvar elev kan få tileigne seg sin eigen kompetanse. Høiland og Wølner peiker på, igjen og igjen, at læraren må vere i dialog med elevane, i "veiledende samtale" (Fra digital ferdighet til kompetanse, 108). Det er såklart noko ein bør starte med med ein gong ungar begynner på skolen, for, som forfattarane seier: "Dette [å sjå si eiga læring over tid] er noe de fleste elvene ikke kan, og det må derfor arbeides med dette" (104).

Eg veit jo at dei har rett, eg veit jo at lærar har ei kjempeviktig rolle i læringa til elevane - og for at elevar skal kunne halde fram med å lære ting etter at dei er ferdige med åra sine på skolebenken er det kjempeviktig at dei forstår noko om korleis og kvifor dei lærer som dei gjer. Men eg synast det er skikkeleg vanskeleg å ha sånne gode, rettleiande samtalar med elevane mine om læringsprosessen deira. Er det berre eg som har det sånn? Det er sikkert litt fordi eg liksom ikkje heilt veit korleis eg skal gjere det (og det er ikkje fordi eg ikkje har observert, prøvd og lese) - og sikkert litt fordi ein ikkje ser effekt av det med ein gong. Det er jo ikkje sånn at vi kan gjere noko ein gong, også har vi lært det... Elevar treng kanskje mange mange av desse samtalane for å begynne å sjå sin eigen læringsprosess, og då kreves det at lærar er viss på at det han eller ho gjer faktisk har noko for seg.

I forbindelse med utdanninga mi i grunnleggjande opplæringa i lesinga, skriving og rekning for nokre år sidan såg eg ein filmsnutt der Gro Fjermedal, lærar på småskoletrinnet, lar elevane forske på duplo og kombinatorikk. Linken finn du her. Trass i at elevane ikkje viste særleg teikn til å tenkje systematisk den første gongen dei jobba med duplo-klossane vel ho å bruke meir tid på det, fordi ho trur dei har det i seg, berre dei får nok tid. Sjølv om linken mellom rolla som rettleiar og duploforsking kanskje er litt i tynnaste laget, treng i hvert fall eg stadig å bli minna på at viktige ting kan ta tid, og at læraren må stole på at det han eller ho gjer med elevane faktisk vil gi resultat over tid.

10 kommentarer:

  1. Tid... Nøkkelen til mangt! Jeg har lest innleggene dine: Den vigtigaste oppgåva og Heldigvis med smil om munnen. Jeg er så enig med deg at tid er viktig og at vi må tørre å gi elevene tid til å prøve igjen. Det er jo mer sjeldent at vi lykkes ved første forsøk, med den kjennsgjerningen i bakhodet burde en jo vite at det trengs både to og tre ganger for å mestre. Poenget er vel å holde motivasjon oppe for å prøve igjen, da blir neste utfordring at målet må være konkret og klart.
    Når det gjelder å tåle kaos vet jeg ikke hva jeg skal si. Jeg har liten erfaring med å være lærer i store klasser. Det at elevene kan mer enn meg når det gjelder ferdigheter på pcen er jeg vel vant til, og mer enn en gang har de vist meg hvordan ulike operasjoner må gjøres. Imidlertid opplever jeg det som nødvendig å ha gode kunnskaper for å se ulike oppgaveløsninger, så også når det gjelder å gi gode oppgaver.

    SvarSlett
  2. Jeg har noen tanker for mulige forbedringer av det det Duplo-opplegget. Det knyttes mot de siste to innleggene på min egen blogg - jeg vil rett og slett prøve å legge opp aktiviteten i spillform.

    Noen idéer:
    Hver gang en gruppe kommer frem til et nytt tårn får de poeng.
    Hver gang en gruppe kommer frem til et nytt tårn først (før de andre gruppene) får de bonuspoeng.
    Når hele klassen tilsammen har funnet alle mulige tårnkombinasjoner får alle gruppene bonuspoeng.
    Når en gruppe har funnet alle mulige tårnkombinasjoner for gruppen (mye) poeng.
    Når/hvis en gruppe finner en metode for alltid å lage tårn som er forskjellig fra de som kom før får de bonuspoeng.
    Når/hvis en gruppe kommer frem til en formel som sier hvor mange tårnkombinasjoner som er mulig, får de (mye) bonuspoeng.
    Når/hvis en gruppe finner opp et klassifiseringsprogram for å beskrive tårn og tårnkombinasjoner enkelt på papir, får de (mye) bonuspoeng.

    Her har vi en "experience"-spredning fra enkelt til vanskelig, inkludert "skjulte" bonuser på alle nivåer. Begge disse faktorene gjør aktiviteten langt mer motiverende og gir en form for direkte og umiddelbar tilbakemelding.

    Ka du trur? Se gjerne gjennom de siste par innleggene på bloggen min for mer om "gamification" og hva vi som lærere kan lære av spillbransjen.

    SvarSlett
  3. Takk for innspel! Ja, kompetanse for å lage/gi gode oppgåver er viktig, det er jammen ikkje så lett bestandig! Heldigvis kan ein låne frå kvarandre, og eg vel å tru at erfaring og auka kunnskap gjer det lettare etterkvart...

    Eg trur poeng, både til den personen eller gruppa som løyser eit problem, og til heile klassen, kan fungere godt som motivasjon. I linken i BJ sitt siste innlegg (Gamifying Education) snakkar dei om korleis det kan vere med på å skape gode læringsrelasjonar mellom alle elevane i klassen, og bidra til at alle si læring er eit felles ansvar. Interessant!

    SvarSlett
  4. GRRRRR!

    Eg får ikkje til å leggje til kommentar på bloggen til Elisabeth, kva for ein profil brukar dykk for å kommentere? Eg har brukt (og brukar) namn/nettadrsse, for verken google-konto eller OpenID gjer meg i stand til faktisk å poste innlegget. Hjelp!

    SvarSlett
  5. Kathrine...jeg strever med det samme..! Har spurt Thomas om hjelp!

    SvarSlett
  6. Elisabeth må fikse innstillingene i bloggen sin. Fra /home må hun inn i Innstillinger-> Kommentarer, der må hun sørge for at alle kan kommentere på bloggen (under "Hvem kan kommentere?").

    SvarSlett
  7. Vi skulle fått opp et alternativ når vi skal kommentere som står navnet vårt på, om vi er innlogga og alt er rett. Dette kommer ikke opp hos meg. Thomas kunne ikke hjelpe meg noe før vi møtes på samling, så vi får vel bare vente..

    SvarSlett
  8. Ikkje hos meg heller. Men då er det vel hjelp i sikte :-)

    SvarSlett
  9. Veileder = rettleiar eller vegvisar.
    Det finnest mykje god litteratur og utdanning på rettleiing (veiledningspedagogikk). Kirsten Limstrand og Trond Lekang er lokale "eksperter".

    Jeg har nettopp svart Stine det samme som BJ. Elisabeth må åpne for at alle kan kommentere. Dette må dere ta opp med henne.

    SvarSlett
  10. Takk for rettleiingstips, Thomas!

    SvarSlett