onsdag 31. august 2011

Utfordringar - og nye moglegheiter!

Den første IKT-samlinga i år er ferdig, og eg kjenner at det klør litt i fingrane, både etter å komme i gang med skoleåret som lærar, og kunne bruke noko av min nye
IKT-entusiasme (eg vil ikkje gå så langt som å kalle det ein kompetanse, akkurat..). Samtidig kjenner eg at det buttar litt imot - sjølvsagt fordi eg manglar kompetanse, men òg av andre årsakar. Eg skal prøve å nøste litt i dette før eg treff elevane mine i morgon.
Eg trur nok at ein av grunnane til at det kan kjennes vanskeleg å ha mykje IKT i undervisninga, er at ein ser for seg at elevane blir sitjande på YouTube eller Facebook, og at ingenting vil bli gjort om ein lêt dei ha PC'en sin oppe heile tida. Ja, det er i hvert fall noko vi snakkar om på min arbeidsplass. Vi brukar mykje PC i skolekvardagen - men stort sett handlar det berre om administrative ting, eller beskjedar og fråvere, ikkje om læring. Kanskje vi berre er redde for at det vi har å tilby ikkje er interessant nok, slik at vi ser for oss at elevane surfar og chattar i staden for å arbeide med den oppgåva vi har gitt dei, sidan dei allereie brukar PC?

2 kommentarer:

  1. Klok oppsummering av status for IKT-bruk i skolen. Jeg merker meg entusiasme og gryende kompetanse. En "nøkkel" vil være nettopp det du funderer over: Vi må gjøre oppgaver, arbeidsmåter og organisering så fengende at elevene foretrekker vårt opplegg fremfor tidtrøye på Internett.

    SvarSlett
  2. Ja, og det er nettopp det som er vrient - eller i hvert fall vanskeleg å stole på at ein får til! Eg trur jo at mange elevar, dei aller fleste - er genuint interessert i å lære, og at dei generelt tilfører noko i dei oppgåvene der det er mogleg (altså stort sett alle typar opne oppgåver). Når ein berre klarar å vekke engasjementet deira - og (ikkje minst) sitt eige - samt å tørre og velje bort noko av det "dei andre" lærarane driv med..

    SvarSlett