"Mange lærere føler dessuten at de må kunne bruke de ulike verktøysprogrammene veldig godt før de starter IKT-basert arbeid i klassen. Men hvis læreren vågen å slippe kontrollen litt, vil han ofte bli overrasket over elevenes digitale ferdigheter og ikkje minst elevenes evner til å kunne orientere seg og ta seg fram i ny programvare." (s. 47)Det trur eg jo dei har heilt rett i! Kanskje ikkje alle elevane, men det er jo da det blir aktuelt at elevar kan vere ressurspersonar for kvarandre, slik som Veronica skreiv om her på sin blogg.
Dessutan snakkar Høiland og Wølner om at elevar kan vere som lærlingar i det at dei forskjellige elevane på gruppa lærar ulike ting for å gjennomføre eit felles arbeid. Gjennom arbeidsprosessen kan elevane då lære frå kvarandre etter behov og interesse ved at dei er i situasjon der det er relevant og tilgjengeleg kunnskap. På den måten vil dei kunne samarbeide om læringa og det produktet dei skal lage. Om dei får vere i det miljøet eller den situasjonen lenge nok vil dei kunne lære alt det dei andre på gruppa kan, slik som lærlingen som etterkvart lærer meir og meir av det læremeisteren kan.
Det høyrdes jo enkelt ut! Det blir kanskje greiare å undervise (i den grad det er nødvendig) fordi elevane kan lære av kvarandre - og oppgåven til læraren blir i større grad å rettleie ([veilede]) enn å undervise. Kanskje det blir litt kaos innimellom, for det blir det gjerne når elevar skal gjere kva som helst anna enn å sitje kvar for seg og jobbe i ei skrivebok... Tåler du litt kaos i klasserommet ditt?
Leser nå samme boken, og synes den er veldig informativ! Kaos i klasserommet må vi tåle av og til, elevene lærer best ved å være aktive, og det finnes jo mange typer kaos... Vi må nok tåle litt.
SvarSlettVent - finnes det klasserom *uten* kaos også? :)
SvarSlettDet ser ut til at det står mye vettugt i Høiland/Wølners bok. Det skuffer meg litt at de ikke går nærmere inn på hvordan man kan legge til rette for autonom (selvstyrt) faglig samarbeid mellom elevene, for eksempel gjennom å endre vurderingsmetoder.
Kanskje det også kan være en tanke å slippe elevene til som lærere for lærerne (og resten av klassen)? Hvis en (eller flere) elever viser en svært høy grad av forståelse for en bestemt programvare eller metode kunne det kanskje ha noe for seg å la dem lære opp resten av klassen, la dem planlegge / gjennomføre et kvarter med undervisning kanskje? Mange elever vil nok vegre seg for dette, men da må det være lærerens oppgave å motivere - for eksempel gjennom leksefritak eller lignende.
Takk for innspel! Eg trur nok at lærarar med fordel kan skilje mellom godt, konstruktivt kaos og den typen kaos der lite læring skjer, ja...
SvarSlettEg må innrømme at eg ikkje har kommet langt nok til å tenkje særleg nytt og kreativt om vurdering, men kanskje kan aktivt IKT-arbeid 'drive' prosessen med å komme fram til betre måtar å vurdere på? I hvert fall er det vel liten tvil om at jo meir engasjert eleven er i si eiga læring (og læringa til andre), jo betre er det. I så måte trur eg så absolutt det kan vere fruktbart at elevar i større grad evaluerar seg sjølv og medelevar og får ha meir medbestemmelse i heile læringsprosessen.
At elevar kan gjennomføre ein liten bolk med opplæring i programvare for sine medelevar, høyres positivt ut på alle vis. Og dessutan vil det punktere det velbrukte lærar-argumentet om at "IKT er så vanskeleg, og det tar så mykje tid for læraren å setje seg inn i alt saman".
Mye godt her (i innlegg og kommentarer) om autentisk læring og IKT som katalysator for aktive læringsformer. Dere synes å ha et sosiokulturelt syn på læring i "blodet".
SvarSlettHehe Thomas, vi har då blitt sosialisert gjennom utdanning og arbeid :-) Og dessutan ser i hvert fall eg (som bevisst brukar mykje meir IKT no, sidan eg starta her i haust) ein anna - og betre - dynamikk i nokre av elevgruppene mine enn tidlegare.
SvarSlett