onsdag 31. august 2011

Utfordringar - og nye moglegheiter!

Den første IKT-samlinga i år er ferdig, og eg kjenner at det klør litt i fingrane, både etter å komme i gang med skoleåret som lærar, og kunne bruke noko av min nye
IKT-entusiasme (eg vil ikkje gå så langt som å kalle det ein kompetanse, akkurat..). Samtidig kjenner eg at det buttar litt imot - sjølvsagt fordi eg manglar kompetanse, men òg av andre årsakar. Eg skal prøve å nøste litt i dette før eg treff elevane mine i morgon.
Eg trur nok at ein av grunnane til at det kan kjennes vanskeleg å ha mykje IKT i undervisninga, er at ein ser for seg at elevane blir sitjande på YouTube eller Facebook, og at ingenting vil bli gjort om ein lêt dei ha PC'en sin oppe heile tida. Ja, det er i hvert fall noko vi snakkar om på min arbeidsplass. Vi brukar mykje PC i skolekvardagen - men stort sett handlar det berre om administrative ting, eller beskjedar og fråvere, ikkje om læring. Kanskje vi berre er redde for at det vi har å tilby ikkje er interessant nok, slik at vi ser for oss at elevane surfar og chattar i staden for å arbeide med den oppgåva vi har gitt dei, sidan dei allereie brukar PC?

tirsdag 30. august 2011

Denne veka er eg på den første IKT- samlinga på Universitetet i Nordland. Eg gler meg til å lære fleire verktøy for god, kreativ, konstruktiv bruk av IKT i læringa, både for elevane mine og meg sjølv. Det kjem nok til å kjennes ut som om hovudet mitt vil sprenges innimellom... Eg vel å ta det som eit godt teikn!